Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk Ålesund sjukehus og Klinikk for kreft og rehabilitering treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, helse- og sosialfag og medisin. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 34.
Klinikk Ålesund sjukehus
- Medisinsk sengepost 1, 2 og 5
- Medisinsk poliklinikk
- Kirurgisk sengepost A og B
- Sengepost for barn og ungdom Ålesund
- Nyfødt intensiv seksjon
Klinikk for kreft og rehabilitering
- Sengepost for kreft og blodsykdommer
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning/bakgrunn
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
- 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtalar
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 1, inger.k.reiten@helse-mr.noMarthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2, Marthe.Farstad@helse-mr.no
Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 5, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.no
Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no
Margrete Rypdal, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost B, Margrete.Rypdal@helse-mr.no
Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Nyfødt intensiv, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
Ingrid Eriksen, Seksjonsleiar, Sengepost for barn og ungdom, Ingrid.Eriksen@helse-mr.no
Maiken Amalie Grønningsæter Solberg, Seksjonsleiar, Kreft og blodsykdommer sengepost, maiken.amalie.gronningsaeter.solberg@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5209919009
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027