Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk Volda sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, barnepleie, medisin og helsefag.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. 01.06.27 t.o.m. 31.08.27:
- Kirurgisk sengepost
- Intensiv
- Akuttmottak
- Føde, barsel og gyn.pol
- Medisinsk sengepost
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning/bakgrunn
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
- 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtalar
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Hedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, Akuttmottak, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.noHeide Rinn Grimstad, Seksjonsleiar, Føde, barsel og gyn.pol, Heide.Rinn.Grimstad@helse-mr.no
Melkorka Vidisdottir, Seksjonsleiar, Intensiv, Melkorka.Vidisdottir@helse-mr.no
Julianne Hovden, Seksjonsleiar, Kirurgisk og ortopedisk sengepost, julianne.hovden@helse-mr.no
Laila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost, laila.moe.winjevoll@helse-mr.no
Arbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5209647185
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027