Ferievikar 2027 - Jordmor, jordmorstudent
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Helse Møre og Romsdal har behov for jordmødre og jordmorstudenter til ulike ferievikariat sommaren 2027. Det er behov i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34.
Det er behov ved følgande seksjonar:
- Føde og barsel SNR
- Føde, barsel og gyn. pol. Volda
- Føde og barsel Ålesund
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Jordmorstudentar kan søkje og verte vurdert for stillinga
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Kontaktinformasjon
Marianne Omvik , Seksjonsleiar - Føde Ålesund, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.noMartha Molvær , Seksjonsleiar - Barsel Ålesund, Martha.K.Molver@helse-mr.no
Heide Rinn Grimstad, Seksjonsleiar - Føde, barsel Volda, Heide.Rinn.Grimstad@helse-mr.no
Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleiar - Føde, barsel SNR, ingeborg.hjertvik@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5209613202
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027