Ferievikar 2027 - Helsesekretær/ sekretær
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!
Seksjon barsel Ålesund og kontor medisin Ålesund treng ferievikarar sommaren 2027.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter seksjonane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring
- Gode datakunnskapar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Kontaktinformasjon
Merete Røren, Seksjonsleiar, Kontor medisin, Merete.Roren@helse-mr.noMartha Kvasnes Molvær, Seksjonsleiar, Barsel, Martha.K.Molver@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5209712252
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027