Bioingeniør II

Stilling
Bioingeniør II
Lokasjon
Hjelset
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi treng ein dyktig bioingeniør som er klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal.

Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør II.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i 2025. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt!

Stillinga er knytt til fagområdet PNA og Urinundersøkingar. Fagområdet har ansvar for oppfølging av PNA-utstyr på sjukehuset sine avdelingar. Innanfor urinanalysar har vi automatisert stix- og urinmikroskopi-instrument, som ein av dei få i Norge. 

Som bioingeniør II vil du vere ein viktig støttespelar for fagbioingeniør på fagområdet. Du vil også arbeide i ein tredelt turnus. Det betyr at du også vil få opplæring innanfor dei andre fagområda som inngår i vaktarbeidet.

Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønske og behov.

Ved et eventuelt internt opprykk vil vi få ei fast ledig stilling som bioingeniør i vaktturnus. Vi ber søkjarar om å gjerne oppgi om dei er interessert i dette. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Stedfortreder for fagbioingeniør på fagområdet
  • Bistå fagbioingeniør med arbeidsoppgåvene på fagområdet
  • Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsbeskriving for den einskilde seksjon
  • Delta i laboratoriet sin vaktturnus
  • Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
  • Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert
  • Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Relevant praksis vil bli vektlagt
  • Må meistre norsk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode formidlingsevner
  • Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
  • Du har evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling og nytenking

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfylt stilling i eit spennande fagmiljø
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, marit.sivertsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5189497704
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026

Kontaktpersoner
Marit Sivertsen
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter