Anestesisjukepleiar

Stilling
Anestesisjukepleiar
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. nov.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi har ledig to ferievikariat i 75 % stilling som anestesisjukepleiar i perioda 04.01.2027–31.12.2027. Vikariata er knytte til ferieavvikling, sjukefråvær og ulike prosjekt i seksjonen.

Stillingane vil vere tilknytte både Hovudoperasjon og Dagkirurgen. Seksjonen har eit breitt fagleg spekter innan urologi, gastroenterologi, endokrin kirurgi, kar- og thoraxkirurgi, øyre-nase-hals, kjevekirurgi, ortopedi og gynekologi. Vi er ikkje seksjonerte, noko som gir varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Vi deltek i stans-, traume-, MET- og barneteam, og leverer anestesitenester ved mellom anna ECT, gastroseksjonen og MR. Samstundes er vi i gang med planlegginga av ei heilt ny operasjonsavdeling ved Klinikk Ålesund, noko som gir spennande moglegheiter for utvikling og medverknad.

For å sikre effektiv drift og høg fagleg kvalitet bemannar vi operasjonsstuene med 1,5 anestesisjukepleiar per operasjonsstove.

Vikariata er dagstillingar med fri alle helgar og heilagdagar. Det kan vere aktuelt å kombinere stillinga med helgestilling i andre seksjonar for å auke stillingsprosenten.


Arbeidsoppgåver

  • Anestesi til pasientar ved Sentraloperasjon og Dagkirurgisk avdeling Ålesund
  • Tett samarbeid med ulike profesjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie

Personlege eigenskapar

  • Du viser fagleg interesse og nytenking
  • Du er strukturert og tek initiativ til eiga utvikling og kompetanseheving i samarbeid med leiinga
  • Du er fleksibel, sjølvstendig og samarbeidsvilleg
  • Du har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast i eit  aktivt og travelt miljø
  • Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • God oppfølging av nytilsette med fadderordning

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Arild Solbakken Hevrøy, Seksjonsleiar, +47 70105474, Arild.Solbakken.Hevroy@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5201254758
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026

Kontaktpersoner
Arild Solbakken Hevrøy
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter