Anestesisjukepleiar

Stilling
Anestesisjukepleiar
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Anestesi Volda har ledig 100 % fast stilling som anestesisjukepleiar frå 31.03.2027.

Operasjonsavdeling Volda har 5 stover med kirurgiske inngrep innan ortopedi, gastro, uro, gyn og føde, vi deltek på Stans, Traume, medisinske team, samt gir anestesiservice på utpostar som td. ect, gastro og MR. Er dette noko for deg, så er DU velkomen til å arbeide i lag med aktive, engasjerte og
kjekke anestesisjukepleiarar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Gi anestesi til pasientar
  • Rettleiing og opplæring av studentar
  • Arbeide aktivt med pasienttryggleik og forbedring/nytenking
  • Høg fagleg interesse
  • Ressurs i teamarbeid
  • 3-delt turnus med arbeid kvar 4.helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie
  • God fagleg innsikt
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne jobbe strukturert og ta initiativ til eiga utvikling og kompetanseheving
  • Du bør vere sjølvstendig og samarbeidsvillig
  • Vi ønskjer at du skal gi ditt bidrag til vårt gode arbeidsmiljø
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er fleksibel
  • Du har godt humør og er ein lagspelar

Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Eit godt arbeidsmiljø med god takhøgde
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her.

Kontaktinformasjon

Martin Eide, Seksjonsleiar, martin.eide1@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5201290165
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2026

Kontaktpersoner
Martin Eide
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter