Sjukepleiar

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Hjelset
Antall posisjoner
5
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. des.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til kirurgisk sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar, og moglegheita til å vere med på utviklinga av eit nytt tilbod til kirurgiske barn.

Kirurgisk sengepost ved SNR Hjelset består av både akutt og elektiv verksemd. Vi tek imot augeblikkeleg hjelp-pasientar innan ortopedi, urologi og øyre-nase-hals, i tillegg til kirurgiske augeblikkeleg hjelp-barn. Sengeposten har nyleg fått ansvar for kirurgiske barn, og vi er i gang med å byggje opp eit spennande fagmiljø innan kirurgisk behandling og oppfølging av barn. I tillegg har vi ein eigen 5-døgns elektiv sengepost som behandlar pasientar innan ortopedi, urologi, øyre-nase-hals, gastro, gynekologi og plastikkirurgi. Hos oss får du arbeide i eit breitt kirurgisk fagmiljø med stor variasjon i pasientforløp, tett tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til kirurgiske barn.
  • Pre- og postoperativ oppfølging.
  • Observere, vurdere og følgje opp pasientane sin kliniske tilstand.
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere sjukepleietiltak i samarbeid med pasient, pårørande og tverrfagleg team.
  • Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande.
  • Medikamenthandtering og gjennomføring av sjukepleieprosedyrar.
  • Samarbeide tett med legar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
  • Delta i kvalitets-, fagutviklings- og forbetringsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring frå arbeid i sengepost er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Erfaring med eller interesse for behandling av barn er ein fordel.
  • Interesse for kirurgisk sjukepleie og tverrfagleg samarbeid.
  • Gode kliniske vurderingsevner og evne til å arbeide kunnskapsbasert.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og oppteken av god pasientbehandling.
  • Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du er trygg i møte med barn og føresette.
  • Du er ansvarsbevisst, strukturert og evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag.
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag
  • Faglege utfordringar og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kompetanse
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid med legar og andre faggrupper
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av kirurgiske tenester og behandlingstilbod ved sjukehuset
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Cathrine Emilie Valgermo Forren, Konstituert seksjonsleder, +47 95907778

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5201297918
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 03.12.2026

Kontaktpersoner
Cathrine Emilie Valgermo Forren
Konstituert seksjonsleder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter