Sommarvikar 2027
Prehospital avdeling søkjer sommarvikarar for perioden 21.06.2027-22.08.2027.
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjonane i Solund og Florø.
Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.
Stasjonane har ulike vaktordningar og vanlegvis døgnvakter med vakt på vaktrom, ca 2 døgnvakter per veke, eventuelt med kombinasjon av dagbilvakter på 10-12 timar aktiv tid. For å optimalisere bruk av vikarar, kan det bli førespegla arbeid ved fleire stasjonar innanfor same arbeidsavtale.
Det må kome fram i søknaden kva nedslagsfelt vikaren ønskjer å jobbe i (Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn) og kva tidsrom innanfor vikarperioden søkjaren kan arbeide.
Vi forbeheld oss retten til å selektere vikarar ut frå kva arbeidskapasitet som kan leggast til grunn. Vikarar må vere budd på å jobbe ved ulike stasjonar.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
- Beredskap for og gjennomføring av ambulanseoppdrag
- Deltaking i anna helseteneste og beredskapsretta arbeid
- Fag- og prosjektarbeid med mål om kompetanseutvikling i ambulanseteam og eigentrening.
- Kontroll, vedlikehald og reingjering av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Førefallande arbeid på stasjonen og elles i avdelinga
- Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar eller ambulanseassistent.
- Søkjarar med helseautorisasjon som sjukepleiar er aktuelle søkjarar om ein kan vise til bestått vikarkurs/forskriftskurs (trinn-utsjekk) og klinisk praksis som vilkår for å stette kompetansekrava i akuttmedisinforskrifta
- Studentar som til våren er ferdig med 2.års paramedisin, 3 års sjukepleiestudie, eller 3. års medisinerstudent, sjå helse-forde.no / ambulansetenesta /jobbmoglegheiter / kvalifikasjonskrav, under føresetnad av bestått trinn-utsjekk før ordinær vakt.
- Førarkort kl. B og C1. C1 må vere på plass før første ordinære vakt.
- Utrykkingskompetanse K160 er ein fordel
- Bestå dei fysiske krava for tenesta
- God datakompetanse og erfaring med bruk av MS Officeprogram
- Den tilsette må delta på og bestå obligatorisk opplæring, interne kurs, og nødvendig etterutdanning i tråd med tenesta sin gjeldande kompetanseplan
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar
- Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God fysisk- og psykisk helse
- Villig til kontinuerlig å søkje fagleg utvikling og delta i kurs og fagaktivitetar i regi av føretaket sin vedtatte kompetanseplan
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Inntil kr 12.500 årleg for å dekke utlegg for C1 førarkort dersom arbeid i 6 veker gjennom sommaren 25. Inntil kr 25.000 over to år.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kjartan Kristian Heggø, Seksjonsleiar, 415 30 507Frank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar, 412 86 285
Arbeidssted
Svanehaugvegen 66812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5204273114
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027