Sjukepleiar
Er du sjukepleiar og ønskjer ein spennande arbeidskvardag med faglege utfordringar og tett samarbeid på tvers av fagområde?
Då kan dette vere stillinga for deg.
Nevrologi og revmatologi poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig eit 50 % vikariat frå 15.02.2027 til 31.12.2027 ved felles infusjonspoliklinikk i Førde.
Ønskjer du større stilling, kan vikariatet kombinerast med arbeid ved til dømes Nevrologi- og rehabiliteringssengepost eller Medisinsk sengepost.
Ved infusjonspoliklinikken får pasientar innan mellom anna nevrologi, revmatologi, medisin og barn og unge behandling i moderne lokale.
Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med sjukepleiarar og helsesekretærar som samarbeider tett om pasientbehandlinga.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar som får infusjonsbehandling
- Klargjering, administrering og oppfølging av medikamentell behandling
- Observasjon og oppfølging av pasientar under og etter behandling
- Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis)
- Rettleiing og informasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og studentar
- Samarbeid med legar og andre faggrupper
- Bidra til kvalitets- og forbetringsarbeid i eininga
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Erfaring og/eller interesse for dei aktuelle fagområda
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ei nyoppretta og framtidsretta eining
- Relevant opplæring ut ifrå arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseutvikling
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Rannveig Nes, Seksjonsleiar, (+47) 992 61 234Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5213369643
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.12.2026