Vil du bli vår nye sjukepleiar? Vi søker deg!

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Nordfjordeid
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag?

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 01.11.2026.

Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode.

Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.  

Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.

Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde.

Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass.

Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din!


Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut:

  • Du tek imot, observerar og følgjer opp innlagde pasientar
  • Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging
  • Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette
  • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona)
  • Du deltek på undervisning og simuleringstrening

For å jobbe med oss:

  • Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Har du kanskje erfaring fra intermediærpost, observasjonsenhet, intensiv eller liknande, men det er ikkje eit krav.
  • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt.
  • Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg

Vi ser etter deg som:

  • Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet 
  • Gjer faglege vurderingar og spør om råd når du er i tvil 
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet 
  • Er nysgjerrig og ønskjer fagleg utvikling 
  • Trivst i ein til tider travel kvardag 

Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du:

  • Opplæring tilpassa dine behov
  • Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering 
  • Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre 
  • Bidra til pasienttryggleik
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5182354512
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026

Kontaktpersoner
Maria Charlotta Berg Langvik
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter