Miljøterapeut
Stilling
Miljøterapeut
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):
- 100 % fast stilling med oppstart i januar 2027
- Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter.
Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
- Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
- Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar
Kvalifikasjonar
- Må ha medisinsk kompetanse, til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
- Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786Arbeidssted
Svanehaugvegen 76812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5205446067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Kontaktpersoner
Frank Roger Kalstad
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.