Midtsoneassistent 

Stilling
Midtsoneassistent
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Engasjement
Publisert
I dag
Søknadsfrist
29. nov.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Nevrologi og rehabilitering sengepost søkjer ein positiv og påliteleg medarbeidar til ein praktisk og meiningsfull støttefunksjon i ein hektisk og lærerikt kvardag.

  • Stilling:    Midtsoneassistent
  • Periode:  d.d. -  31.10.2027

Om stillinga
Midtsoneassistent er ei service- og støttefunksjon der hovudoppgåva er å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske arbeidsoppgåver.
Som midtsoneassistent bidreg du til tryggleik og god flyt i sengeposten gjennom viktige praktiske gjeremål i kvardagen. 

Du blir ein viktig del av arbeidsmiljøet på sengeposten. 

I sengeposten vår har vi pasientar med sjukdomar og skader innanfor områda nevrologi, rehabilitering og indremedisin. Hjå oss vil du møte fagpersonar frå ulike yrker som lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, logoped, ergoterapeut, fysioterapeut m.m. som alle samhandlar til det beste for pasient og pårørande.

Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og trivst med å vere der det skjer. Rolla krev ikkje formell helsefagleg utdanning. 


Arbeidsoppgåver

  • Førefallande arbeid av ikkje-medisinske oppgåver t.d. rydde rom, vaske utstyr og skylleromsarbeid
  • Kjøkkenteneste; servere mat, bestille varer, halde orden
  • Yte god service til pasient, pårørande og kollegaer.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om fullført vidaregåande skule 
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring og kurs i interne program vert gitt. 

Personlege eigenskapar

  • Bidra positivt til kollegialt godt miljø
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Tilpassingsdyktig
  • Påliteleg og arbeidssam
  • Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande oppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Arbeidstid dagtid

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5209104749
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktpersoner
Sirianne Pidic
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter