Medisinstudent med lisens
Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har ledige to ferievikariat for medisinstudentar i perioden 15.06.202 - 15.08.2027.
Seksjon rus har 10 døgnplassar og gir tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Seksjonen har ei tverrfagleg personalgruppe - her arbeider mellom anna psykologspesialist, sosionom, overlegar, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose - og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her arbeider mellom anna psykologspesialist, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Søkjarar som kan arbeide i heile ferieperioden vil kunne bli prioriterte. Det er derfor viktig at du opplyser tydeleg i søknaden kva periode du kan arbeide.
Arbeidsoppgåver
- Pasientansvarleg koordinator
- Pasientbehandling
- Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet
Kvalifikasjonar
- Legelisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Gratis bustad
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring og fagleg rettleiing
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Kontaktinformasjon
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS døgn, 57 86 43 35Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS rus, 57 86 43 42
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 NORDFJORDEID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5213421555
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 21.06.2027
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 17.01.2027