Logistikkoperatør - 100% fast stilling
Ønskjer du å bruke din logistikkkompetanse i ein samfunnskritisk jobb, som bidreg til pasienttryggleik, og formar framtidas sjukehuslogistikk?
Sjukehusa i Helse Førde HF er ein stor og kompleks logistikkarena. Dei neste åra står vi framfor store og spennande endringar av vareforsyninga til sjukehusa. Helseføretaket skal effektivisere og modernisere vareflyten for å møte framtidige behov. Rett utstyr, med rett kvalitet, til rett tid kan bokstaveleg talt redde liv.
Ved forsyningsavdelinga har vi no ledig ei fast stilling som logistikkoperatør. Vi ser etter deg som har fagbrev, er strukturert, ansvarsfull og framtidsretta.
Hos oss blir du ei viktig brikke i den daglige drifta, samtidig som du får ta del i ein arbeidskvardag prega av utvikling, forbetring og nye løysingar.
Arbeidstid: dagtid på vekedagar
Sentrale arbeidsoppgåver
- Mottak og kvalitetskontroll: Motta utstyr, forbruksvarer og sterile produkt samt kontrollere leveransar mot bestillingar og følgjesetlar frå leverandør.
- Lagerstyring: Sikre at varene vert lagra og oppbevart i tråd med gjeldane rutinar, standardar og hygienekrav.
- Forsyning til avdelinga og brukara: Plukke, pakke, transportere og etterfylle varer til operasjonlager, poliklinikkar og sengepostar.
- Bruk av digitale verktøy: Registrere endringar i vareflyten, handtere skanning, og ta i bruk nye system og arbeidsverktøy etter kvart som dei vert innført.
- HMS og hygiene: Følgje gjeldande krav til reinhald, orden og tryggleik i tråd med sjukehuset sine retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i logistikkfaget
- Søkjarar med anna relevant logistikkfaglleg bakgrunn og erfaring kan også bli vurderte.
- Interesse for eller erfaring med, digitale logistikkverktøy, skanneprosessar og ny logistikkteknologi.
- Kjennskap til moderne forsyningskonsept med mellom anna "just-in-time"-leveransar
- Erfaring med lagerstyring og praktisk logistikkarbeid, som plukking, pakking, mottakskontroll, vareplassering og distribusjon.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg, for å sikre trygg kommunikasjon og korrekt dokumentasjon.
- Truckførarbevis er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Framtidsretta og endringsvillig: Sidan logistikken vår skal gjennom store endringar, må du trivast med utvikling, digitale verktøy og kontinuerlig forbetring av arbeidsprosessar.
- Nøyaktig og kvalitetsbevisst: Du arbeider strukturert og har auge for detaljar. Du er oppteken av kvalitet i alle ledd og sikrar at oppgåver blir utførte på ein korrekt og påliteleg måte.
- God stressmeistring og gjennomføringsevne: Sjukehuset har døgnkontinuerlig drift. Du handterar høgt arbeidstempo, prioriterer oppgåver på ein god måte og held hovudet kaldt i ein travel og variert arbeidskvardag.
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling: Du samarbeider godt med kollegaer og helsepersonell, kommuniserer tydeleg og bidreg til å finne gode løysingar for brukarane av tenesta
- God fysisk kapasitet: Stillinga inneber ein aktiv arbeidskvardag med ein del gåing og handtering av varer. Det er difor viktig at du har god fysisk kapasitet til å utføre arbeidsoppgåvene.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du får ta aktiv del i eit av dei største logistikk- og moderniseringsprosjekta i regionen.
- Utfordrande og variert arbeid med eit tverrfagleg samarbeid.
- Engasjerte kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø.
- Arbeidstid på vekedagar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (KLP)
- Ordna arbeidsforhold og løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Magn Ove Kleppe, Avdelingssjef, (+47) 578 39 401Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5177781607
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026