LIS3 - Ortopedisk avdeling
Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 til eit årsvikariat med moglegheit for forlenging.
- LIS3-vikariat med oppstart 01.01.2027. For kandidatar som fullfører LIS1-tenesta våren 2027, kan oppstart avtalast frå mars.
Om avdelinga
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
Ved Lærdal sjukehus har vi skadepoliklinikk måndag til fredag på dagtid. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande fagområde:
- Traumatologi
- Handkirurgi
- Skulderkirurgi og skopisk kirurgi
- Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
- Fot-/ankelkirurgi
- Ryggkirurgi
Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og ni LIS1 stillingar. Vi har ein sengepost med sju døgns drift i Førde.
Om regionen
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Sunnfjord kommune, omgitt av storslått natur med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Regionen byr på eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, treningssenter og eit variert fritidstilbod. Førde har gode kommunikasjonar til både Bergen og Oslo, og alle nødvendige tenester og fasilitetar er lett tilgjengelege i nærleiken. Sjekk elles ut kommunen vår på: Sunnfjord kommune.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid, poliklinikk og operativ aktivitet
- Internundervisning, rettleiing av turnuslege i vakt m.m.
- Rettleiing av, og kommunikasjon med, 1. linjetenesta
- Rettleiing av turnuslegar
- Vaktarbeid sjudelt turnus
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må vere ferdig med turnusteneste og ha interesse for fagfeltet
- Erfaring innan fagfeltet vert vektlagt
- Erfaring som LIS vert vektlagt
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningnivå: Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å kommunisere og samarbeide
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Pasienten i fokus
- Fagleg engasjert
- Strukturert i forhold til eigne arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vikariat med moglegheit for forlenging
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Navid Beigi, Avdelingssjef, (+47) 455 12 209Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5213508416
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.12.2026