LIS-vikar sommaren 2027

Stilling
LIS-vikar sommar 2027
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
17. jan. 2027
Få påminnelse
69 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS-vikar i perioden 21.06.2027-15.08.2027

Legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet. 

Om seksjonen
Legane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar.

Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi har òg fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.  

Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet. 

Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. 

Vi ser fram til å motta søknaden din! 


Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i forvaktordning (døgnvaktordning, tilstadesvakt, med supervisjon frå bakvakt)
  • Arbeid på sengepost under supervisjon
  • Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper.
  • Bidra til fagleg utvikling og undervisning.

    Kvalifikasjonar

    • For stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, eventuelt lisens. 
    • Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg og blir vektlagt
    • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg 
    • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit tverrfagleg miljø
    • Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert
    • Engasjert og med pasienten i fokus

    Vi tilbyr

    • Ein spennande og utfordrande jobb
    • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
    • Gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Hjelp med å skaffe bustad
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Elin Seim, Seksjonsleiar, (+47) 476 20 880

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5206816291
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 17.01.2027

    Kontaktpersoner
    Elin Seim
    Seksjonsleiar
    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter