Vikariat kreftsjukepleiar
Kreftsjukepleiar – 90 % vikariat ved Kreftpoliklinikken
Kreftpoliklinikken ved Førde sentralsjukehus har ledig eit 90 % vikariat for kreftsjukepleiar frå medio februar 2027 til februar 2028, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer ein kreftsjukepleiar med erfaring innan medikamentell kreftbehandling i samband med at ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon.
Kreftavdelinga (Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling) består av sengepost, poliklinikk og palliativt team.
Ved kreftpoliklinikken gir vi medikamentell kreftbehandling, som til dømes cellegift, immunterapi og ulike infusjonsbehandlingar.
Arbeidsoppgåver
- Rolla som A-vakt (ansvarsvakt) er eit bindeledd mellom apotek, sekretær og legar. Målet er å prioritere og organisere sjukepleieressursane i det daglege pasientretta arbeidet i kreftpoliklinikken.
- Administrering og oppfølging av medikamentell kreftbehandling
- Pleie og behandling til pasientar med kreft og blodsjukdomar og til pasientar som treng lindrande behandling
- Tilbodet i avdelinga skal også inkludere nære pårørande/familie
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta vert vektlagt
Kvalifikasjonar
- Autoritasjon som sjukepleiar samt videreutdanning i kreftsjukepleie
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi vil gjerne ha ein medarbeider som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men som også kan jobbe sjølvstendig
- Interessert i fagleg utvikling og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
Kompetanse, inkludert personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt
Vi tilbyr
- Du vil møte ei fagleg utfordrande avdeling
- Kreftavdelinga har mål om høg fagleg kvalitet, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø og kjekke kollega
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monika Staberg Sunde, Seksjonsleiar, (+47) 959 49 287Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5216130015
Stillingsprosent: 90%
Vikariat
Startdato: 15.02.2027
Sluttdato: 27.02.2028
Søknadsfrist: 13.12.2026