Kokk og matvert

Stilling
Kokk og matvert
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
24. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Matforsyning i Helse Førde har ledig stillingar ved Førde sentralsjukehus:

  • Kokk:        100 % fast stilling, tilsetting etter avtale
  • Matvert:  100 % fast stilling, tilsetting etter avtale 

Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Førde sentralsjukehus? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som del av i eit viktig samfunnsoppdrag. 

Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet. 

Vi produserer og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskaféar. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelige arbeidsplassar på alle lokasjonane. 

Arbeidsstad for begge stillingane er Førde sentralsjukehus


Kva går jobben ut på? 

Som kokk og matvert hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som arbeider for trygge og gode måltid til pasientar og tilsette. 

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat etter godkjente resptar
  • Produsere  spesialkost og diettar 
  • Menyplanlegging - vi følgjer norske mattradisjonar og sesongbaserte matrettar
  • Sørge for at hygienekrav og rutinar (IK-mat) vert fulgt
  • Varebestilling og lagerhald 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha: 

  • Kokk - må ha fagbrev 
  • Matvert - er interessert i mat og service - opplæring vil bli gitt
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

Det er ein fordel om du: 

  • har erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken 
  • har kunnskap om spesialkost og ernæring 
  • har erfaring med IK-mat og relevante datasystem 

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som: 

  • trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team 
  • er strukturert og har god orden i arbeidet ditt 
  • samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt i arbeidsmiljøet 
  • er fleksibel og handterer ein variert arbeidskvardag 
  • er oppteken av kvalitet og gode matopplevingar 

Kjenner du deg igjen i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Kvifor skal du velje oss?

 Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer 
  • varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver 
  • moglegheit for fagleg utvikling 
  • løn etter gjeldande avtaleverk 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP 


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elin Haugen, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 682

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5206558770
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026

Kontaktpersoner
Elin Haugen
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter