Intensivsjukepleiar med interesse for akuttmedisin
Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig intensivsjukepleiar. Oppstart i løpet av året, eller etter avtale.
Om stillinga
Stillinga inngår i årsturnus med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Stillinga kan ikkje delast.
Det er krav om deltaking i tredelt turnus, inkludert sein- og nattevakter.
Om avdelinga
Intensivavdelinga i Førde har sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga behandlar både medisinske og kirurgiske pasientar, frå pasientar som treng oppfølging etter mindre kirurgiske inngrep til intensivpasientar med behov for non-invasiv eller invasiv respirasjonsstøtte.
Avdelinga tilbyr pasientar mellom anna hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjartestans.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver varierar frå behandling av postoperative pasientar, til meir avansert overvakings- og intensivbehandling.
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar og vitnemål med bestått intensiv vidareutdanning
- Ein må kunne handtere/ha erfaring med intensivpasientar og ha kompetanse på teknisk utstyr til denne pasientgruppa
- Fagkompetanse er vesentlig
- Erfaring vil bli vektlagt
- Intensivsjukepleiar med pasientkontakt må beherske norsk munnleg og skriftlig på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarende Bergenstesten)
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Det blir vektlagt at ein kan samarbeide i team, og ha evne til å kunne takle periodar med stress, men og takle roligare perioder der ein likevel jobbar med fag.
- Være løysingsorientert
Personlige eigenskapar blir vektlagt. Her er team arbeid, fleksibilitet og faglig interesse av stor betydning.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5191880046
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026