Høgskuleutdanna behandlar

Stilling
Høgskuleutdanna behandlar
Lokasjon
Sogndal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som høgskuleutdanna behandlar med oppstart i januar 2027.
Anna oppstartstidspunkt kan avtalast.

Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) med seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år.

Hos oss møter du eit tverrfagleg fagmiljø med tilsette frå ulike profesjonar og fagområde. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av kompetanse og funksjonar, og arbeider saman for å gi pasientane eit heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod.

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar med psykiske lidingar og rusavhengigheit. Vi har òg behandlingstilbod til innsatte i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar.

Vi har faste fag- og teammøte der erfaringar, informasjon og fagleg utvikling står sentralt. Dei tverrfaglege teama gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet. Det blir lagt til rette for kompetanseheving, og organisasjonen har eit tydeleg fokus på kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling.

Vertskommunen vår er Sogndal, og opptaksområdet omfattar om lag 30 000 innbyggjarar. Indre Sogn er kjent for storslått natur med fjord, fjell og varierte friluftsmoglegheiter året rundt. Her ligg det godt til rette for ein aktiv fritid, enten du trivst best på fjellet, på ski eller ved fjorden. Les meir om regionen.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit 
  • Planleggje og gjennomføre behandling med utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov og medverknad
  • Samarbeide med og følgje opp pårørande ved behov
  • Samarbeide med relevante samarbeidspartar i kommune- og spesialisthelsetenesta
  • Poliklinisk og ambulant arbeid

Kvalifikasjonar

  • Helse- eller sosialfagleg bachelorutdanning, gjerne med relevant vidareutdanning. Søkarar som er i gang med relevant vidareutdanning, vert òg oppmoda til å søkje.
  • Erfaring frå arbeid med personar med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er eit krav.
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg.
  • Søkarar frå land utanfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • God relasjonskompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motivert for fagleg utvikling og læring

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kontaktinformasjon

Øyvin Helge Myrmel, Adm.sjef, (+47) 415 30 396

Arbeidssted

Dalavegen 29
6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5197798110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktpersoner
Øyvin Helge Myrmel
Adm.sjef
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter