Helsesekretær/sekretær

Stilling
Helsesekretær/sekretær
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.12.2026 - 31.05.2027. 

Vikariatet kan bli forlenga ved behov.

Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å skape orden og flyt i ein travel kvardag.
Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig og trivst med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt.

Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretætenester for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.

Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad og oppdatert CV.  


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena) 
  • Pasientservice
  • Timebestilling (poliklinikk, sengepost og venteliste) 
  • Telefonadministrasjon
  • Anna førefallende pasientadministrativt eller pasientretta arbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær eller anna relevant utdanning 
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og imøtekommande i møte med pasientar og kollegaer 
  • Strukturert og nøyaktig, også i ein travel kvardag
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Trivst i eit tverrfagleg miljø 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande jobb
  • Meningsfullt arbeid som gir personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Belvira Omic, Seksjonsleiar, +47 995 91 403

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5208246565
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.11.2026

Kontaktpersoner
Belvira Omic
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter