Helsesekretær/sekretær
Stilling
Helsesekretær/sekretær
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Serviceseksjonen i Psykisk helsevern har ledig 100 % fast stilling som helsesekretær/sekretær med arbeidsstad ved Psykiatrisk klinikk i Førde.
Seksjonen har ansvar for merkantile tenester, mottak av besøkande, telefoni, sakshandsaming og kvalitetsarbeid. Vi er 17 tilsette fordelt på kontorstadane Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal,.og er ein del av Psykisk helsevern i Helse Førde.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon
- Telefoni og kontaktsenter
- Pasientadministrativt arbeid knytt til innkalling og oppfølging av pasientforløp
- Førefallande arbeid tilhøyrande seksjonen
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg at søkjar har autorisasjon som helsesekretær
- Fullført relevant vidaregåande utdanning eller fagbrev kan kompensere for manglande autorisasjon
- Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
- Fordel med kjennskap til DIPS
Personlege eigenskapar
Vil du vere ein viktig støttespelar i ein travel og spennande arbeidskvardag?
- Du er serviceinnstilt og trivst med å arbeide strukturert og nøyaktig.
- Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide både i team og sjølvstendig.
- Du trivst med varierte oppgåver og til tider hektiske arbeidsdagar.
- Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø saman med kollegaene dine
- Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Beathe Monica Solheim, Seksjonsleiar, (+47) 97 15 35 87Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5202675542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 15.11.2026
Kontaktpersoner
Beathe Monica Solheim
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.