Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte?
Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus har ledige 80 % fast stilling for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar.
Stillinga kan ikkje delast.
Medisinsk sengepost har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger, og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for friluftsliv året rundt. Plasseringa gjer Lærdal til eit naturleg knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Meir informasjon om Lærdal kommune finn du her.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte einingsleiar - sjå kontaktinformasjon i annonsa.
Arbeidsoppgåver
- Pasientrelatert arbeid
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (Meona og Dips)
- Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Opplæring og rettleiing av studentar og lærlinger
- Utføre arbeidsoppgåver delegert av leiar
- Arbeide i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Tilgang til personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5201923979
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2026