Ferievikarar - helsesekretær/sekretær
Serviceseksjonane i Helse Førde søkjer ferievikarar som helsesekretær/sekretær sommaren 2027.
Vi har behov for ferievikarar ved sengepostar, poliklinikkar, sentralbord og resepsjon i Førde, Nordfjordeid og Lærdal.
- Arbeidsperiode: 14.06.2027 - 15.08.2027. Dersom du kan starte tidlegare, er det også av interesse.
- Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.
Arbeidstida er for dei fleste arbeidsstadane innanfor tidsrommet kl. 07.30 - 15.30.
I søknaden må du opplyse om kva periode du kan arbeide, og kva arbeidsstad du ønskjer å jobbe ved (Førde, Nordfjordeid eller Lærdal).
Kontaktinformasjon:
- Seksjonsleiar Kirurgisk serviceseksjon Førde : Gitta Sas - tlf 482 33 391
- Seksjonsleiar Medisinsk serviceseksjon Førde: Belvira Omic - tlf 995 91 403
- Seksjonsleiar Serviceseksjon Nordfjord: Lisbeth Skipenes Andersen - tlf 911 85 844
- Seksjonsleiar Serviceseksjon Lærdal: Hanne Kristina Ødegård - tlf 906 86 438
- Seksjonsleiar Serviceseksjon Psykisk helsevern: Beathe Monica Solheim - tlf 971 53 587
- Avdelingssjef Medisinsk sekretærteneste: Hanne I. Emberland Bildøy - tlf 996 10 528
Arbeidsoppgåver
- Telefoni
- Resepsjon
- Pasientadministrative oppgåver i sengepost og poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Helsesekretærutdanning er ein fordel, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
- Erfaring frå arbeid i pasientsystemet DIPS og Sectra og kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Nøyaktig og løysingsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeider godt med andre, deler kunnskap og erfaring
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Relevant opplæring
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon - sjå ovanforArbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5203066485
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.06.2027
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 28.02.2027