Sommarvikariat - cand.med/ medisinstudent med lisens

Stilling
Cand.med./medisinstudent med lisens
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. des.
Få påminnelse
47 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Psykiatrisk klinikk søkjer cand.med. til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 21.06.2026-15.08.2027.

Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje. 

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har i tillegg sentralsjukehusoppgåver innan akuttpsykiatri, vaksenhabilitering, lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Klinikken har 18 faste legestillingar og tek imot LIS1 og medisinstudentar vår og haust. 

Nyttig informasjon ved jobbsøking til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF


Arbeidsoppgåver

  • Delta i utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar med rettleiing frå overlege
  • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
  • Ein må rekne med å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje. 
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Søkjar må ha førerkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, (+47) 900 37 348

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5200691642
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.12.2026

Kontaktpersoner
Sigmund Erling Bjørhovde
Seksjonsleiar Legar PSK
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter