Sommarvikariat - cand.med/ medisinstudent med lisens
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer LIS1-ferievikarar i perioden 21.06.2027 - 15.08.2027.
Som ferievikar ved medisinsk sengepost får du brei erfaring innan indremedisin og akuttmedisin. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø og får arbeide tett saman med erfarne overlegar og LIS-legar.
Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 5 faste overlegar, 6 LIS1, 1 cand.med/ALIS i ordnær drift.
Medisinsk sengepost dekkjer den medisinske akuttfunksjonen for pasientar i Nordfjordregionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, derav 3 observasjonssenger.
Arbeidsoppgåver
- Cand.med. har varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten
Kvalifikasjonar
- Utdanna lege, klar for LIS1 teneste (cand.medisin)
- Medisinstudent med lisens kan også blir vurdert for stillinga
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
- Erfaring med DIPS Arena og MEONA vil vere ein fordel
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Vere nysgjerrig på ny kunnskap og ha pasienten i fokus
- Tåle tidvis høgt arbeidstempo
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte medisinskfaglege problemstillingar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90 198Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5208438410
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 21.06.2027
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 08.01.2027