Er du lege som ikkje har fått turnusplass?   

Stilling
Cand.med.
Lokasjon
Lærdal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få eit stort fagleg utbytte?  
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! 

Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehus har behov for legevikar (cand.med.) i perioden 15.02.2027-31.08.2027.

Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinske utfordringar og eit godt arbeidsmiljø.
Du vil arbeide ved sengepost, delta i visittgang og inngå i vaktordninga. På alle vakter har du tilgang til erfaren overlege. 

Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.

Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylkesgrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst  i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.


Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk 
  • Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett - Cand.med. 
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Gode IKT kunnskapar
  • Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel
  • Erfaring frå helsevesenet er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Tåle tidvis høgt tempo
  • Ha pasienten i fokus

Vi tilbyr

  • Utviklande arbeid
  • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Personalhytte på Filefjell

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH, (+47) 415 30 456

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6887 LÆRDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5204362298
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.02.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 02.12.2026

Kontaktpersoner
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter