Bioingeniør / avdelingsingeniør
Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % fast stilling som bioingeniør/avdelingsingeniør på Molekylærbiologisk eining.
Oppstart i stilinga er snarast eller etter avtale.
Mikrobiologisk avdeling har hovudansvar for infeksjondiagnostikk for Helse Førde. Avdelinga består av tre analyseeiningar: Bakteriologi, Serologi og Molekylærbiologi.
I tillegg har vi substratlaboratoriet som produserer dyrkingsmedie, prøvemottak som registrerer prøver og legegruppe som validerer prøvesvar. I vårt team har vi 26 medarbeidarar, herunder overlegar, bioingeniørar, avdelingsingeniørar og sekretærar. Vi er eit akkreditert laboratorie etter ISO 15189-standarden, og kvalitetskoordinator bidreg til at vi etterlever krava i standarden.
Molekylærbiologisk eining utfører molekylærbiologiske analyser som ledd i diagnostikk av infeksjonssjukdomar. Tilbodet vårt inkluderer ulike PCR analysar.
Vi søkjer ein fagleg engasjert og dyktig medarbeidar som kan bidra til å utføre og kvalitetssikre mikrobiologiske analysar ved eininga. Hos oss vil det vere varierte arbeidsoppgåver, og du får moglegheit til å jobbe ved fleire einingar saman med ulike yrkesgrupper.
Vi legg vekt på godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Vi er opptekne av trivsel - både på jobb og i fritid. Fleire av medarbeidarane våre er aktive innan ulike aktiviteter slik som klatring/buldring, strikking, løping, kor og andre sosiale aktivitetar - Bli Med Oss!
Arbeidsoppgåver
- Delta i dagleg drift og vedlikehald
- Bidra med opplæring og rettleiing av nye tilsette og studentar
- Bidra i arbeid med register og kvalitetssikring
- Rullerande arbeidsoppgåver
- Inngår i vaktturnus med laurdagsvakter
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør eller bachelor/master i molekylærbiologi
- Erfaring frå klinisk medisinsk laboratorium er ein fordel
- Praktisk erfaring frå molekylærbiologiske PCR-baserte metodar er ein fordel (Realtime PCR)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og trivast i team
- Initiativrik og fagleg engasjert
- Påliteleg, sjølvstendig og strukturert
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidskvardag
- Kompetente kollegaer i tverrfagleg miljø
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marianne Schiefloe Myklebust, Konst. avdelingssjef, (+47) 986 64 325Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5205388178
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2026