Bioingeniør
Bli med på laget til LMBB – kombiner fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!
Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar?
Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde får du jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde. Avdelinga bidrar døgnet rundt med analysar av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.
🌟 Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin.
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar).
- Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt.
- Arbeid med toppmoderne utstyr og automasjon.
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement.
- Fantastisk tilgang til naturen - toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra.
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🎉 Sosialt miljø:
Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for å ta steget? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga - og bli ein del av vårt team!
Startdato 01.02.2027 eller etter avtale. Vi ser fram til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB.
Arbeidsoppgåver
- Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi.
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse.
- Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt.
- Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga.
- Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel.
- Gode IKT kunnskaper.
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Jobbe strukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Hole Rasmussen, Seksjonsleiar, 99 36 47 96Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5207730576
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026