50 % fast stilling som behandlar
Sogndal BUP har ledig 50 % fast stilling for behandlar med pedagogisk og/eller helse- og sosialfagleg kompetanse.
Ønskt oppstart 01.01.2027, eller etter nærare avtale.
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar.
Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr polikliniske spesialisthelsetenester til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.
Den som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar
- Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar
- Delta i fag- og kompetanseutvikling
- Det må påreknast noko reiseverksemd
Kvalifikasjonar
- Grunnutdanning som lærar eller helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning (til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller sjukepleiar)
- Relevant mastergrad
- Erfaring med poliklinisk arbeid i psykisk helsevern for barn og unge
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Gode samarbeidsevner
- Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid
Ved vurdering av søkjarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eili Nygard Riise, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 500Arbeidsstad
Dalavegen 296856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5211236029
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 01.12.2026