Assisterande seksjonsleiar

Stilling
Assisterande seksjonsleiar
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Prehospital avdeling søkjer assisterande seksjonsleiar. Oppstart 01.01.2027

Stillinga er organisert i seksjon Sunnfjord og rapporterer til seksjonsleiar. Assisterande seksjonsleiar skal støtte seksjonsleiar i den daglege drifta og bidra til å møte dei aukande krava i ein kompleks og variert leiarkvardag.

Assisterande seksjonsleiar medverkar til effektiv arbeidsflyt og samhandling på tvers av avdelinga, seksjonane og linjeorganisasjonen. Stillinga omfattar samarbeid med fagområda kompetanse og bemanning, samt stabsfunksjonar innan logistikk. Arbeidsoppgåvene kan endre seg basert på erfaringar med den ny organisasjonsstruktur.

Som assisterande seksjonsleiar er du ein sentral del av leiinga i seksjonen og skal bidra til samanheng, stabil drift og god oppfølging av medarbeidarar og operativ verksemd.


Arbeidsoppgåver

  • Vere stedfortredar for seksjonsleiar og delta i avdelinga si utvida leiargruppe. ​
  • Bidra til planlegging, bemanning, turnusarbeid og ressursstyring for å sikre forsvarleg drift og beredskap.
  • Følgje opp personalforvaltning, inkludert medarbeidardialog, sjukefråvær, medarbeidarsamtalar og oppfølging av nytilsette, studentar, lærlingar og vikarar. ​
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom tett samarbeid med tilsette og vaktleiarar. ​
  • Delta i rekruttering, opplæring og systematisk kompetanseutvikling. ​
  • Medverke i beredskapsarbeid, risikovurderingar, kvalitetsforbetring og oppfølging av avvik. ​
  • Fremje samhandling på tvers av seksjonar og samarbeid med interne og eksterne aktørar.
  • Sikre god informasjonsflyt, kommunisere tydeleg og vere tett på drift ved avdelinga og seksjonen sine stasjonar. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis på bachelorgrad eller høgare. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Leiar/administrativ kompetanse/erfaring er ønskjeleg. 
  • Erfaring med turnusplanlegging, bemanningsstyring og personaloppfølging er ein fordel.
  • God digital kompetanse og erfaring med relevante system. 
  • Erfaring med internkontroll, kvalitets- og forbetringsarbeid, inkludert avvikshandtering og oppfølging av tiltak er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, ansvarsbevisst og gjennomføringssterk.
  • Tydeleg og trygg i leiarrolla, med god vurderings- og beslutningsevne. ​
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar på tvers av fagmiljø.
  • Motiverer og utviklar medarbeidarar, og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø. ​
  • ​Fleksibel, løysingsorientert og komfortabel med høgt arbeidstempo.
  • Evne til å kombinere operativ nærleik med heilskapleg perspektiv og kontinuerleg forbetring.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
  • Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

John Andor Ellingsund, Seksjonsleiar, 415 30 506, john.andor.ellingsund@helse-forde.no
Leif Otto Halland, Kst avdelingssjef – prehospital avdeling, 415 30 504, leif.otto.halland@helse-forde.no

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5199521720
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026

Kontaktpersoner
Leif Otto Halland
Kst avdelingssjef – prehospital avdeling
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter