Er du vår nye sjukepleiar/ vernepleiar?

Stilling
Sjukepleiar/vernepleiar
Lokasjon
Valen
Antall posisjoner
3
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten?

Vi har ledige sjukepleiar-/vernepleiarstillingar hos oss. Stillingane legg opp til langvakter 12,5 timar med jobb 16 helger i året. 

På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.

Vi søkjer ein vernepleiar/sjukepleiar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast! 

Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. 

Vi jobbar med ulike typar forbetringsarbeid, og har fokus på ernæring og aktivitet for pasienten. Vi styrker den faglege kompetansen med diskusjonar og internundervisningar. Vi øver kvar veke på MAP (møte med aggresjonsproblematikk) for å førebygge og handtere aggresjons- og valdsproblematikk.

Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.

På grunn av utfordrande og krevjande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legg vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. 

👉 Søk no og bli med på laget vårt!


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie og behandling tilpassa pasientens individuelle behov.
  • Ansvarsvakt i eininga.
  • Legemiddelhandtering.
  • Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp.
  • Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik.
  • Handtering av utfordrande åtferd.
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring.
  • Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus.
  • Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg

Hos oss er det viktig at du:

  • er robust og kan handtere fysisk krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik.
  • er initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasient
  • arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • etterspør rettleiing og er lojal til avgjerder

Sikkerhetsposten treng fleire menn inn i personalgruppa. Derfor ønskjer vi spesielt menn velkommen til å søke på desse stillingane.

Personlege eigenskapar blir vektlagde. 

Kvifor skal du velje oss?

  • Du får sikkerheitstillegg.
  • Etter eitt år får du ei ekstra friveke.
  • Det blir gitt ekstra kompensasjon for å gå langvakter 16 helger
  • Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring.
  • Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke.
  • Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad.
  • Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø.
  • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset.
  • Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO.
  • Statens lånekasse slettar 25 000 kr av studielånet ditt etter at du har budd i Kvinnherad kommune i minimum 1 år.

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5199116867
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026

Kontaktpersoner
Liv Rose Olderkjær Larsen
Funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter