Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Odda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. okt.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønsker du å arbeide på ei framoverlent avdeling?

Hos oss får du ein variert sjukepleiarjobb der du følgjer pasientar gjennom undersøking og behandling – og er med på å utvikle poliklinikken vidare.

Her får du ein variert arbeidsdag og kollegaer som samarbeider tett om pasientane. Vi prøver ut digitale løysingar og utviklar arbeidsmåtane våre saman. Det arbeidet er vi stolte av. Avdelinga fekk Arbeidsmiljøprisen i 2024 og Kvalitetsprisen i 2025.

No håpar vi å få deg med på laget! Stillinga omfattar òg arbeid kvar fjerde helg på medisinsk og kirurgisk sengepost.

Ring gjerne leiar for ein uformell prat – vi vil gjerne høyre frå deg!

Oppstart etter avtale.

Kva går jobben ut på?

Hos oss vil du mellom anna:

  • utføre sjukepleieoppgåver i poliklinikken
  • delta i undersøking, behandling og oppfølging av pasientar
  • utføre administrativt arbeid knytt til poliklinikkane
  • rettleie studentar og bidra i forbetringsarbeidet i avdelinga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode munnlege og skiftlege norskkunnskapar.
  • Ønskjeleg med minst 2 års sjukehuserfaring.
  • Videreutdanning innan sårbehandling er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • arbeider strukturert og prioriterer oppgåver når det trengst
  • finn løysingar saman med andre
  • samarbeider godt med kollegaer i ulike faggrupper
  • er open for nye oppgåver, arbeidsmåtar og digitale løysingar

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du tilpassa opplæring saman med ein sjukepleiar og kollegaer som samarbeider om oppgåvene. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og delta i forbetringsarbeid. Vi har ein tilgjengeleg leiar og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anita Narheim, Funksjonsleiar, 97527319, anita.narheim@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5183803622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter