Jurist
Vi søker ein dyktig jurist til å styrke laget vårt i Helse Fonna!
Ønsker du å vere med og ivareta den juridiske kompetansen i den største og mest komplekse organisasjonen i regionen? Du vil jobbe tett saman med føretaksjuristen vår og bidra til å sikre at tenestene våre utviklar seg og blir ivaretatt i tråd med lovkrava.
Hovudområda innan juridisk rådgjeving vil vere helserett og avtalerett. Undervisning av helsepersonell og andre faggrupper vil også vere ein del av ditt arbeid, samt bistand og rådgjeving i andre juridiske spørsmål.
Kva går jobben ut på?
- Juridisk rådgjeving med hovudvekt på helserett, avtalerett, helseforsking og GDPR.
- Sakshandsaming av innsynskrav, klagesaker og vurdering av andre rettslege spørsmål for helseføretaket.
- Undervisning og rettleiing etter behov.
- Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Utvikling og revidering av rutinar for å sikre etterleving av lovkrav.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
- Interesse for og erfaring med avtalerett.
- Interesse for og erfaring med arbeid knytt til helsevesenet.
- Kjennskap til relevant regelverk knytt til arbeidsoppgåvene.
- Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning eller sakshandsaming.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- samarbeider godt med andre
- arbeider sjølvstendig og engasjert
- tilpasser deg ulike oppgåver og arbeidsmåtar
- ser etter løysingar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stor breidde
- Regionalt juridisk nettverk
- Varierte og meiningsfulle oppgåver
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Andreas Andreassen, Fagdirektør, +47 46933044, andreas.andreassen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5201801524
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026