Vernepleiar og sjukepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 ved Kronstad DPS
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern.
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.
Kronstad DPS, Psykose døgn og Allmenn døgn har ledig følgande stillingar:
* 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Ein kan også få 3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden.
Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Divisjon psykisk helsevern, pt i sommarturnus ved avdelinga. Frå hausten 2027 vil stillinga bli ved same avdeling eller ved annan avdeling i Divisjon psykisk helsevern.
Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet.
Arbeidsoppgåver
Kronstad Psykose døgn er ein open døgnseksjon med 12 sengeplassar. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr mellom anna kognitiv miljøterapi, psykoedukasjon/undervising, medikamentell behandling, fysisk aktivitet og Musikkterapi.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø beståande av engasjerte og erfarne miljøterapeutar. Vi arbeider i team rundt og saman med pasienten, med utgangspunkt i samarbeid i ein seksjon med opne dører. Vi søker etter medarbeidarar som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet. Vi legg også stor vekt på at ein bidrar til trivsel og vekst for pasientar og medarbeidarar.
Kontakt: Hilde Steinli, TLF. 55956301/ 91150469
Kronstad Allmenn døgn tilbyr korte, målretta opphold, både akutt og elektivt, for pasientar med ulike psykiske lidingar som i ein periode har behov for døgninnlegging. Behandlingstilbodet er individuelt tilpassa og kan omfatte utgreiing, medikamentell behandling, ECT, samtalebehandling individuelt og i grupper, miljøterapi, fysisk aktivitet og psykoedukasjon. Vi legg også vekt på samarbeid med pasientens barn og pårørande, samt oppfølging og samarbeid med øvrig hjelpeapparat.
Hos oss blir du ein del av ei faglig engasjert personalgruppe med brei erfaring og et godt kollegialt samhald. Vi er opptatt av å spele kvarandre gode, dele kunnskap og skape en arbeidskvardag prega av openheit, støtte og faglig utvikling.
Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 55956201/ 93485950
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar innan sommaren 2027
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelingaKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5205984500
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026