To seksjonsleiarar til Fødeavdelinga, Kvinneklinikken
Vil du leie medarbeidarar og fagmiljø i ei av dei største fødeavdelingane i Noreg?
Vi søker to seksjonsleiarar til Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken. Den eine skal leie Føde C, ein kombinert føde- og barselseksjon. Den andre skal leie Føde E, ein seksjon med ansvar for kvinner og nyfødde i barseltid.
Stillingane har mykje til felles, men byr òg på ulike leiaroppdrag. Du kan søke på éi av stillingane eller begge, og må oppgi i søknaden kva stilling eller stillingar du søker.
Om Fødeavdelinga
Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus i Bergen er ein av dei største fødeinstitusjonane i Noreg, med om lag 5000 fødande årleg. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omegn, tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet.
Seksjonane ved Fødeavdelinga samarbeider tett, og seleksjon av fødande til ulike risikonivå er eit viktig fagleg prinsipp som dannar grunnlaget for organiseringa av tilbodet.
Kvinneklinikken er eit stort fagmiljø med rundt 500 medarbeidarar. Som universitetssjukehus skal vi kombinere god og trygg pasientbehandling med fagutvikling, kompetansebygging og kontinuerleg forbetring. Kvinneklinikken held til i eit moderne og nytt sjukehusbygg i Glasblokkene, og er inne i ein spennande utviklingsperiode etter innflyttinga i november 2023.
To seksjonar med ulike leiaroppdrag
Føde E
Føde E er ein seksjon for kvinner og nyfødde i perioden etter fødsel (barseltid). Seksjonen har rundt 50 medarbeidarar og fleire ulike yrkesgrupper.
Som seksjonsleiar får du eit viktig oppdrag med å utvikle den nye seksjonen og skape gode rammer for pasientar, medarbeidarar, fag og drift. Synleg og tilgjengeleg leiing og tett personaloppfølging blir sentralt.
Du skal bidra til godt samarbeid mellom profesjonar og til å utvikle ei robust organisering av seksjonen. Ein viktig del av oppdraget blir å sikre stabil bemanning og kompetanse, og gode og trygge ordningar for rotasjon og fagleg utvikling.
Føde C
Føde C er ein kombinert føde- og barselseksjon. Seksjonen har rundt 80 medarbeidarar og fleire ulike yrkesgrupper. Her gir vi fødsels- og barselhjelp både ved ukompliserte forløp og ved fødslar som krev ekstra oppfølging, overvaking og behandling. Seksjonen handterer mellom anna premature fødslar frå veke 34, setefødslar og induksjonar.
Som seksjonsleiar skal du bidra til høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og vidare utvikling av eit sterkt fagmiljø. Du får ansvar for å skape gode rammer for medarbeidarane og samtidig vidareutvikle seksjonen i tett samarbeid med andre delar av Fødeavdelinga og Kvinneklinikken.
Arbeidsoppgåver
- fag, økonomi, personell og drift i eigen seksjon
- å sikre fagleg forsvarlege tenester og god pasienttryggleik
- leiing, utvikling og oppfølging av medarbeidarar
- rekruttering, bemanning, arbeidsplanlegging og kompetanseutvikling
- å utvikle eit godt, inkluderande og lærande arbeidsmiljø
- å sikre god bruk av kompetanse og bidra til fagleg utvikling
- forbetrings- og utviklingsarbeid i eigen seksjon
- å skape god samhandling mellom profesjonar, seksjonar og fagområde
- å omsette overordna mål og prioriteringar til god dagleg drift
Kvalifikasjonar
Vi ønsker kandidatar frå relevante profesjonar med erfaring frå sjukehus og forståing for kompleksiteten i sjukehusdrift.
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning innan helse
- erfaring frå sjukehus og god forståing for sjukehusdrift
- erfaring som gjer deg i stand til å leie medarbeidarar og fagmiljø i ein kompleks organisasjon
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har:
- leiarerfaring, gjerne med personalansvar
- leiarutdanning
- erfaring frå endrings-, utviklings- eller forbetringsarbeid
- erfaring med kompetanse- og fagutvikling
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer leiarar som utfyller leiarteamet og bidrar aktivt til heilskapen, ikkje berre eigen seksjon.
Du:
- har gjennomføringskraft og klarer å omsette planar og avgjerder til handling
- er robust i endring og evnar å skape tryggleik og retning også når rammer, behov og prioriteringar endrar seg
- har god problemløysingsevne og klarer å sjå både behova til den enkelte medarbeidaren og det samla ansvaret til seksjonen
- samarbeider godt og bidrar med kompetanse og perspektiv som utfyller resten av leiarteamet
- er tydeleg, tilgjengeleg og til stades for medarbeidarane
- evnar å prioritere og ta avgjerder også når ulike omsyn står mot kvarandre
Personleg eignaheit vil bli særskild vektlagd.
Hos oss får du:
- leie eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø
- påverke utviklinga av fødetilbodet
- delta aktivt i KK si leiargruppe
- støtte frå erfarne leiarar og relevante stabsfunksjonar
- gode moglegheiter for leiarutvikling og fagleg påfyll
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Martha Svarstad Vadset, Assisterande leiar, 90507344Lorentz Erland Linde, Direktør, 41456090
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5209197478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026