Tilkallingsvikarar - reinhald
Bemanningssenteret søker tilkallingsvikarar til oppdrag i Hospitaldrift Reinhald. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift Reinhald.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i sju seksjonar og har ca. 350 tilsette. Hovudoppgåvene er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger. I reinhaldsseksjonane våre vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Tilkallingsvikarane våre vil kunne få opplæring i fleire einingar og vere ein viktig ressurs i sjukehuset si daglege drift. Vi søker deg som likar variasjon i oppgåvene, og samtidig er god til å følge gjeldande rutinar for god kvalitet i arbeidet.
Hovudarbeidstida er 07-15, men vi har også mange vakter på ettermiddag/kveld med variabel start- og slutt tid.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidoppgåver vil hovudsakleg vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver
- Vi treng vikarar både til dagvakter og seinvakter, kvardagar og helg
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift
- Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er også av interesse
- Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
Personlege eigenskapar
- Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst
- Gode samarbeidsevner
- Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
- Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg
- Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevande
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst
- Kurs- og utviklingsmoglegheiter
- Bedriftsidrettslag
- Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske-Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5213321462
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 07.12.2026