Sjukepleiar eller Vernepleiar på natt - vikariat på Kvinnepost Tertnes

Stilling
Sjukepleiar/ Vernepleiar natt - vikariat
Lokasjon
Tertnes
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ei sengepost, Kvinnepost Tertnes ogpoliklinikk/ambulant team, Familieambulatoriet. Kvinnepost Tertnes består i dag av psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisksosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut ogtreningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sinspesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og hartilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod ombrukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar.

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgtengasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfaglegsamarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ogbehandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi,treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapisamt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging avfamilieterapeut.

Vi har no ledig eit års vikariat i 50% stilling på natt som sjukepleier eller vernepleier frå januar. Det er moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking av pasientar
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring og overgang til frivillig behandling
  • Medikamenthandtering
  • Avrusing, stabilisering og abstinensbehandling
  • Praktiske gjeremål på posten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vere tolmodig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert
  • Trivast med å arbeide på natt
  • Evne til å samarbeide godt med andre
  • Er fleksibel, løysningorientert og kan jobbe sjølstendig innanfor rammene
  • Positiv innstilling til oppgåvene som er på natt
  • Ha evne til å sjå pasientane sine behov
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter