Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Stilling
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
21
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar


Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:


Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.

Nevrokirugisk akuttposter ein stor sengepost med 30 senger. Vi behandlar pasientar med sjukdom i nervesystemet. Våre vanlegaste diagnosar er hjerneslag, epilepsi, parkinson, prolaps, hjernesvulst og diverse betennelsestilstandar i nervesystemet. Vi tek imot over 90 % akutthjelp, og jobbar tverrfagleg for å kunne gi eit best mogleg tilbod til pasientane våre. Hos oss får du spennande, imteressante, utfordrande og lærerike dagar.
Kontakt: Laila Kvalvåg 55975041/55975030.

Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Utgreiingsmottak 1 består av to team: Team Akuttposten og Team UMO 1. Team UMO 1 tek imot pasientar frå alle fagområde for utgreiing og behandling, med forventa opphaldstid på maks.tre døgn. Vi har no har ledig stilling for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønskjer deg som har lyst til å jobbe i eit spennade og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken.
Kontakt: Ine Skåtøy, tlf. 55971802.

Avdeling Hovud-Hals og Auge kan tilby ein spennande, variert og lærerik kvardag og godt arbeidsmiljø. Sengeposten har 27 senger innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor gruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av faglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø og det blir planlagd ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Sjekk "hovud/hals/auge" på Helse Bergens Instagram side.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509.

Avdeling Hovud-Hals og Auge har også ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, pt. 3-delt turnus. Stillingen er kombinert med Øyre/Nase/Hals poliklinikk (55/45 %) Hode/hals/auge avdeling har døgndrift med 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt arbeidsmiljø, trivsel og teamarbeid i avdelingen. Øyre/nase/hals poliklinikk har stor aktivitet og fungerer som akuttmottak for øyre/nase/hals pasienter på dagtid. Poliklinikken utfører utredning, behandling og kontroll av pasienter i  godt samarbeid med leger, og det utføres selvstendige sykepleiekonsultasjoner. Det er stor variasjon av arbeidsoppgaver i poliklinikken. Vi har et godt arbeidsmiljø og teamarbeid med trivsel i poliklinikken.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509.

Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med interesse for kirurgiske fag. Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, variert pasientforløp og gode utviklings-moglegheiter? Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø. Klinikken har 5 sengepostar, 4 poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Hos oss har vi 3 delt turnus med moglegheit for langvaktar.
Undervegs i prosessen kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse. Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? 
Kontakt: Stine Steen Nøttveit, tlf. 98877954.

Lungeavdelinga Vil du bli ein del av eit spennande og engasjert fagmiljø ved ei av Noregs største lungeavdelingar?
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar som ønskjer ein variert og lærerik arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø med høg spesialkompetanse.
Lungepost 1 har totalt 16 sengeplassar fordelte på to team: Respiratorisk overvakingseining (ROE) med 8 sengeplassar og 8 lungemedisinske sengepostplassar.
ROE er ei spesialisert eining for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Eininga har særleg kompetanse innan respiratorbehandling, trakeostomi og respiratoravvenning, og samarbeider tett med dei medisinske og kirurgiske intensiv- og overvakingseiningane ved sjukehuset.
Det lungemedisinske teamet behandlar i hovudsak pasientar med KOLS, astma og ulike infeksjonssjukdomar.
Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, der du møter pasientar med både akutte og komplekse sjukdomstilstandar. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø med tett tverrfagleg samarbeid, god opplæring og moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje. Det viktigaste er at du har interesse for fagfeltet, er lærevillig og ønskjer å bidra til god pasientbehandling og eit godt arbeidsmiljø. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kontakt: Caroline Gundersen Sundaran, tlf. 55973552.

Yrkesmedisinsk avdeling Har du lyst til å bli ein del av eit kompetent og høgspesialisert fagmiljø?
Ved Yrkesmedisinsk avdeling får du høve til å arbeide innan fleire spanande fagområde og bidra til diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med komplekse problemstillingar.
Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for helseregion Vest og arbeider med utgreiing, behandling og førebygging av allergiske sjukdomar og helseplager knytte til påverknader i arbeidsmiljøet. Avdelinga har òg ansvar for fleire nasjonale behandlingstenester, mellom anna Nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling og Norsk senter for maritim og dykkemedisin.  Dagarbeid måndag til fredag, med arbeidstid mellom kl. 07.30 og 16.30
Hos oss får du arbeide med pasientar innan fleire spesialiserte fagområde og vere ein del av eit engasjert fagmiljø som er opptekne av kvalitet, utvikling og samarbeid.
Kontakt: Grete K. Velure, tlf. 55973901/Lillian Hopland, tlf. 55976111.

Kvalifikasjonar:
    • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller få dette i løpet av 2026
    • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
    • Har erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
    • For nokre avdelingar kan det vere krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd

    Vi tilbyr:

    • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
    • Lønn etter gjeldande avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5202588919
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 15.11.2026

    Kontaktpersoner
    Sjå kontaktperson
    oppgitt for den enkelte avdelinga
    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter