Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling
Stilling
Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling Helse Bergen
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Ønsker du ei leiarrolle i eit av dei mest avanserte radiologiske fagmiljøa i Noreg?
Vi søker ein seksjonsleiar lege med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å vidareutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø.
Om avdelinga:
Radiologisk avdeling er ei av dei største i landet, og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og intervensjons- og behandlingsprosedyrar.
Vi tilbyr avansert biletdiagnostikk innan nukleærmedisin og radiologi for mellom anna områda nevroradiologi, muskel- og skjelettradiologi, onkologisk biletdiagnostikk, thorax- og abdominal radiologi, brystdiagnostikk, barneradiologi og intervensjonsradiologi. Legar tilsett ved PET-senteret og Brystdiagnostisk senter (BDS) har eigen leiar, alle andre legar ved avdelinga vert leia av Seksjonleiar lege.
Avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset si tverrfaglege pasientbehandling og samarbeider med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og utdanning av legar og radiografar.
Avdelinga har om lag 340 tilsette, deriblant om lag 88 legar, inkludert LIS-legar. Legane samarbeider tett med radiografar, fysikarar og anna helsepersonell. Vi har moderne utstyrspark som inkluderer MR, CT, PET, ultralyd og røntgen/intervensjons-diagnostikkrom. Avdelinga og avdelinga si forskingseining (MMIV) er ein leiande aktør innan radiologisk forsking og i implementering av kunstig intelligens (KI) i biletdiagnostikk.
Om stillinga:
Som seksjonsleiar for legane vil du ha det overordna ansvaret for den medisinskfaglege drifta ved avdelinga (med unntak av PET senteret og BDS) og ha økonomiansvar for legeseksjonen. Du vil vere ein del av avdelinga si leiargruppe og jobbe tett med avdelingsdirektør, seksjonsleiarar og nøkkelpersonell for å sikre høg kvalitet på tenesta, pasientsikkerheit, fagutvikling og forsking innan dei til ein kvar tid gjeldande økonomiske rammane.
5021 BERGEN
Referansenr.: 5208538622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026

Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å sikre ei trygg og ansvarleg radiologisk verksemd i tråd med sjukehusets og avdelingas til ein kvar tid gjeldande behov og ramme
- Sikre fagleg leiing og utvikling av avdelinga innanfor gjeldande økonomisk ramme i tråd med sjukehuset sin strategi
- Personalansvar for overlegar og fagleg rettleiing for LIS-legar ved seksjonen i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege. Sikre forsvarleg medisinsk drift og optimal og effektiv pasientflyt
- Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og vidareutvikling av KI-verktøy og digitale løysingar
- Tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å optimalisere diagnostiske tenester
- Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan radiologi
- Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga
- Representere avdelinga i relevante faglege og administrative forum
Vi ser etter ein fagleg sterk og engasjert leiar med følgjande kvalifikasjonar
- Spesialist i radiologi med norsk autorisasjon
- Erfaring med organisering av radiologiske tenester
- Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon
Det er også ønskeleg at søkar har erfaring eller kjennskap til:
- Leiing eller sterk interesse for leiarutvikling
- Forskingsarbeid med gjennomført PhD
- Kvalitetsforbetring og innovasjon
- Ressursstyring, arbeidstidsplanlegging, økonomistyring og bruk av kunstig intelligens i radiologi
Vi oppmodar òg deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har stor motivasjon for leiarutvikling og engasjement for faget, til å søke.
Personlege eigenskapar
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Gode evner til strategisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og økonomistyring
- Høg gjennomføringsevne og strukturert arbeidsstil
- Sterke samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar
- Evne til å handtere endringsprosessar med tryggleik og profesjonalitet
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarrolle i ei av dei mest avanserte radiologiske avdelingane i landet
- Moglegheit til å påverke fagfeltet gjennom leiing, utvikling av drifta, innovasjon og forsking
- Eit sterkt leiarteam og god administrativ støtte
- Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og fagleg utvikling
- Bli ein del av vårt sterke fagmiljø – vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingfrid Helene Salvesen Haldorsen, Avdelingsdirektør, 55 97 23 27, ingfrid.helene.salvesen.haldorsen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5208538622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026
Kontaktpersoner
Ingfrid Helene Salvesen Haldorsen
Avdelingsdirektør
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.