Rådgivar kliniske studiar (monitor/Clinical Research Associate)

Stilling
Rådgivar kliniske studiar (monitor/Clinical Research Associate)
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du arbeide med kliniske studiar og løfte medisinsk forsking i sjukehusa? 

Vi søker etter ein engasjert og dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk. 

Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning.  

Vi søker personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet, som trivst med å handtere ulike og varierande oppgåver. Som Clinical Research Associate / monitor vil du ha ei viktig rolle i kvalitetskontrollen av kliniske studiar. 

Arbeidsoppgåver

  • Monitorering og oppfølging av kliniske studiar i samsvar med ICH-GCP og standardiserte prosedyrar (SOP-ar), hovudsakleg ved Haukeland universitetssjukehus og dei andre sjukehusa i Helse Vest-området
  • Utføre revisjon og risikovurdering av akademiske legemiddelstudiar og andre intervensjonsstudiar i samarbeid med forskarar
  • Gje råd og veiledning om roller, ansvar og regelverk (irekna GCP, CTIS og helseforskningslova) til kliniske utprøvarar og forskargrupper
  • Utarbeide rapportar og skrive faglege saker knytt til leveransar og aktivitet og måloppnåing innan fagfeltet
  • Bidra til kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av tenester og arbeidsprosessar for kliniske studiar, med særleg vekt på kvalitet
  • Handtere førespurnader om mogelege nye studiar frå industrien («feasibility»)
  • Delta i fagmiljø, nettverk og konferansar, samt halde faglege innlegg og opplæring
  • Reiseaktivitet må påreknast
  • Andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning på mastergradsnivå (naturvitskaplege fag/farmasi) 
  • Erfaring med prosjektkoordinering er ønskeleg  
  • Erfaring frå kliniske studiar er ønskeleg, gjerne frå legemiddelindustrien 
  • Erfaring med bruk av elektroniske system som eCRF / VieDoc og handtering i CTIS-portalen vil telje særleg positivt 
  • Kjennskap til regelverket kring kliniske studiar  
  • God forståing for økonomi/budsjett er ønskeleg  
  • Erfaring med teamarbeid, undervisning og møteleiing er ønskeleg  
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk er påkravd, slik at du snakkar og skriv klart, kortfatta og korrekt  
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på engelsk er nødvendig, ettersom vi ofte nyttar engelsk som arbeidsspråk  

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagd.  

  • Kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig  
  • Serviceinnstilt og kan lytte til og samarbeide med andre, på tvers av fag og einingar  
  • Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap  
  • Analytisk og ha god gjennomføringsevne 

Vi tilbyr

  • Fast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver  
  • Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokale på haukelandsområdet  
  • Fagleg utvikling  
  • Fleksibel arbeidstid  
  • Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5209977838
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter