Rådgivar i bedriftshelsetenesta, vikariat med moglegheit for forlenging
Vil du bruke din erfaring og kunnskap i eit fagmiljø som prioriterer førebygging? Bli ein del av vårt engasjerte team i Bedriftshelsetenesta i Helse Bergen!
Bedriftshelsetenesta (BHT) bistår sjukehuset i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar. Som ein del av vårt tverrfaglege team blir du med på å utvikle det førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet.
BHT består av bedriftslege, bedriftsjordmor, bedriftssjukepleiarar, bedriftsfysioterapeutar, yrkeshygienikar samt rådgivarar innan HMS. BHT er ein del av Personal- og organisasjonsavdelinga der over 70 kollegaer tilbyr rådgiving og utviklingsstøtte på heile HR-området.
Arbeidsoppgåver
- Førebyggande smittevern
- Utvikle det systematiske HMS-arbeidet, med særleg vekt på digitalisering
- Halde kurs og undervise, særleg for verneombod og leiarar
- Bistå leiarar, verneombod og tilsette med kartlegging og risikovurdering
- Deltaking i lokale arbeidsmiljøutval
- Utføre målretta helseundersøkingar
- Andre BHT-oppgåver i eit tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på masternivå
- Erfaring frå bedriftshelseteneste
- Vidareutdanning innan HMS, anna relevant utdanning, eller STAMI sitt grunnkurs for BHT
- IKT-kompetanse og interesse for digitalisering
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og omgjengeleg, og har evne til å bygge gode relasjonar og skape eit positivt arbeidsmiljø
- Du er analytisk, systematisk og målretta
- Du er fleksibel og løysingsorientert, og har vilje til å tilpasse deg endringar og finne kreative løysingar på utfordringar
- Du likar å tileigne deg og dele kunnskap, og er open for fagleg utvikling og erfaringsutveksling
Vi tilbyr
- Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse
- Ei viktig rolle på ein arbeidsplass med eit stort samfunnsoppdrag
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Leif Johnsen, Seksjonsleiar, 91567104Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5183829555
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.11.2026