Rådgivar
Vil du bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og kompetanseutvikling i spesialisthelsetenesta?
Senter for simulering og ferdigheitstrening (SSF) ved Haukeland universitetssjukehus har ei sentral rolle i å styrke kompetanse, samhandling og pasientsikkerheit gjennom systematisk trening og simulering. Vi søker ein engasjert medarbeidar som ønsker å vere med på å drifte og vidareutvikle dette arbeidet.
SSF er ein del av Kompetanseutvikling i Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU). Gjennom medisinsk simulering, undervisning og praktisk ferdigheitstrening legg vi til rette for at helsepersonell kan utvikle og vedlikehalde kompetansen som er nødvendig for å yte trygge helsetenester av god kvalitet.
Simulering blir nytta som pedagogisk metode for å styrkje både individuelle og teambaserte ferdigheiter, med mål om å betre pasientbehandling og redusere risiko for uønskte hendingar. I tillegg gjennomfører vi kurs og opplæring for eksterne samarbeidspartnarar, mellom anna innan offshoreverksemd.
Vi har no ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar. Vi søkjer deg som har relevant helsefagleg utdanning og erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere og kvalitetssikre sjukehusets system for HLR-opplæring
- Koordinere implementering, forvaltning og vidareutvikling av kurskonsept og retningslinjer frå Norsk resuscitasjonsråd (NRR), herunder AHLR, HHLR, DHLR og GHLR
- Ha ansvar for og halde oversikt over opplæring av AHLR og HHLR instruktørar
- Koordinere opplæring, sertifisering og fagleg oppfølging av hovudinstruktørar og instruktørar innan AHLR, HHLR og aktuelle øvrige NRR-konsept
- Fagleg og pedagogisk rådgivar for klinikkar om scenario, utstyr og lokal treningsorganisering
- Utføre sekretariatsfunksjon for Råd for gjenoppliving, som er sjukehusovergripande
- Bidra i dokumentasjon av opplæring og organisering av opplæring i HLR i Kompetanseportalen, og prosedyrer i EK
- Delta i nasjonalt HLR koordinator forum
- Planlegge, organisere og kvalitetssikre kurs innan offshoreverksemd
- Utvikle og forbetre kurs
- Sikre tilstrekkeleg med instruktørar, undervisarar og markørar
- Følge opp samarbeidspartnarar
- Drift av senteret
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning
- God relevant klinisk erfaring
- Fasilitatorkompetanse
- Erfaring med undervisning og ferdigheitstrening
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Gode digitale ferdigheiter
Ønskede kvalifikasjoner:
- Relevant vidareutdanning eller mastergrad
- Erfaring frå akuttmedisin
- Instruktør- eller hovudinstruktørkompetanse innanfor Hjarte- lungeredning
- Erfaring med rettleiing og medisinsk simulering- og ferdigheitstrening
- Erfaring med fagutvikling og implementering
- Erfaring med koordinering av større opplæringsaktivitetar
- Kjennskap til Haukeland universitetssjukehus og akuttfunksjonane
- Erfaring med kompetanseportalen og elektronisk kvalitetshandbok (EK)
Personlege eigenskapar
- Er serviceinnstilt, trygg i relasjonar og kommuniserer tydeleg og tilpassar informasjon til ulike målgrupper
- Arbeider strukturert og sjøølvstendig, og har god gjennomføringsevne
- Skaper gode samarbeidsrelasjonar, og kan leie eller bidra godt i teamarbeid
- Kan koordinere komplekse aktivitetar på tvers av fagmiljø og organisatoriske eining
- Er fleksibel og handterer endringar og parallelle oppgåver
- Har interesse for fagutvikling, undervisning og kvalitetsforbetring
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit sterkt tverrfagleg miljø i ei avdeling som er i utvikling
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
- Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Britt Hagen, Leiar, 41228693Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5197804481
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026