Psykologspesialist/psykolog
Vil du vere med å vidareutvikle TSB-poliklinikken i Bergen og Bjørgvin fengsel?
Vi søker ein engasjert psykologspesialist/psykolog som ønsker ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, og som vil bidra til å skape eit godt og tilpassa behandlingstilbod for innsette.
I samarbeid med Kriminalomsorga har vi etablert ein TSB-poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til innsette med rus- og avhengigheitsutfordringar. Poliklinikken har arbeidsstad i både Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel.
Hos oss vil du møte ei pasientgruppe med samansette utfordringar, der ruslidingar og psykiske helseutfordringar ofte heng tett saman. Arbeidet gir rom for varierte kliniske problemstillingar, tverrfagleg samarbeid og faglege vurderingar i ein behandlingskontekst som skil seg frå ein ordinær poliklinikk.
Vi ønsker å nytte fengselsopphaldet som ein arena for endring og behandling, og bidra til gode og samanhengande pasientforløp gjennom samarbeid med kommune- og spesialisthelsetenesta, også etter lauslating.
Rus- og avhengigheitsklinikken har ca. 600 medarbeidarar og består av Seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Klinikken er i ei spennande utvikling, mellom anna knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med psykisk helsevern. Forskingseksjonen i Rus- og avhengigheitsklinikken har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar blant anna i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin.
TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel er ein eigen seksjon, organisatorisk plassert under Seksjon LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på fem poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Seksjonane er tverrfagleg samansette med psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.
Poliklinikken består av seksjonsleiar, psykologspesialist, sjukepleiarar/vernepleiarar og lege. Vi er eit lite, tverrfagleg team som samarbeider tett om pasientbehandlinga og utviklinga av tilbodet. Som psykolog hos oss vil du få moglegheit til å påverke både det faglege innhaldet og korleis vi organiserer arbeidet vidare.
Det blir lagt til rette for fagleg utvikling og rettleiing saman med psykologar ved dei andre LAR-poliklinikkane. Vi har også eit nært samarbeid med Kriminalomsorga, sosialkonsulentane og helseavdelingane i fengsla og Seksjon for fengselspsykiatri.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, utgreiing og behandling av pasientar med avhengigheit og samtidige psykiske helseutfordringar
- Individuell behandling og gruppebehandling
- Samarbeid om behandlingsplanar og oppfølging av pasientar
- Individuelle samtalar og fagleg samarbeid knytt til Stifinnaren i Bjørgvin fengsel
- Bidra til fagleg utvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Rettleiing til medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent psykolog, gjerne med godkjent relevant spesialitet
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern
- Norsk autorisasjon
- Må legge fram merknadsfri vandelsattest
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Engasjement og interesse for fagfeltet
- Gode kommunikasjonsevner og evne til open og konstruktiv dialog
- Gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide saman med ulike profesjonar
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfaglege team
- Fleksibel og løysingsorientert i ein arbeidskvardag som kan vere uforutsigbar
- Trivst med å arbeide i ei teneste under utvikling, der ikkje alle rammer er ferdig definerte
- Bidrar positivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons og forsikringsordninger
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personlig utvikling
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA bedrift)
- Vidareutdanning og rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Natalia Yoshihara Berge, Seksjonsleiar, 93005828Arbeidsstad
Steinestøvegen 4015109 Hylkje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5211065627
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026