Psykolog i poliklinikk
Vi har ledig ei vikariatstilling for psykolog i Rus- og avhengigheitsklinikken sin poliklinikk i Engenhuset.
Poliklinikken i Engenhuset har eit solid og unikt fagmiljø i nasjonal og internasjonal samanheng. Vi arbeider metodisk og systematisk med behandling gjennom vekentleg tverrfagleg rettleiing i team, og samarbeider med fleire solide forskningsmiljø. Rettleiinga går føre seg i team beståande av psykologspesialist og psykolog, spesialist i rusmedisin, psykiater, sosionom og vernepleiar. Sektorteamet har tett samarbeid med Betanien og Voss DPS, i tillegg til mellom anna primærhelsetjenesta. Vi har nyleg utvikla eBehandling for pengespelavhengigheit, og skal også ta i bruk eBehandling for alkoholavhengigheit.
Poliklinikken held sentralt til i heilt nye sentrale lokaler i Håkonsgaten 1 saman med fleire andre seksjoner i Rus- og avhengigheitsklinikken. Det er kort avstand til kollektivtransport. I poliklinikken er det 36 tilsette, av desse er 13 psykologspesialistar, 6 psykologar og 5 legar. Den tverrfaglege bemanninga består elles av erfarne sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt merkantilt tilsette. Ein sosionom i kvart team tek ansvar for sosialfaglege oppgåver, slik at terapeutane kan ha hovudfokus på terapi og endringsprosessar. I tillegg samarbeider teama med jobbkonsulentar (IPS), som har fokus på å hjelpe pasientar som ønskjer det inn i ordinært, lønna arbeid.
Stillinga er ledig frå 4. januar 2027.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av rusavhengige, ofte ROP-tilstandar
- Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
- Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa
- Individualterapi og gruppeterapi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling, psykisk helsevern eller fengsel/ kriminalomsorg vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
- Det blir lagt særleg vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå og engasjement
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Erlend Wittrup Djup, Seksjonsleiar, +47 90027883Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5184392907
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.10.2026