Psykolog

Stilling
Psykolog
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønsker du å vere ein del av eit sterkt fagmiljø på ein døgnseksjon der pasientbehandling står i sentrum? 

Ved psykose døgnbehandling på Øyane DPS har vi ledig 100% fast stilling som psykolog. Oppfordrar også psykologspesialistar til å søke.

Seksjonen er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoselidingar. Seksjonen har 8 sengeplassar. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnarar for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga.

Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne  omgivnadar på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.

Øyane DPS består av:
*  Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team
*  Allmenn døgnseksjon med 8 senger
*  Psykose døgnseksjon med 8 senger
*  Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.

Er du ein psykolog (psykologspesialist) som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet, har engasjement for pasientar med psykiske lidingar og liker å jobbe saman med kollegaer til å skape eit trygt og utviklande arbeidsmiljø? Då håper vi du vil søke på denne stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Langtidsbehandling av pasientar
  • Spesialistfagleg ansvar
  • Oppgåver tilknytta tvang
  • Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk psykologi, evt erfarne psykologar er også aktuelle
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring med oppfølging knytt til tvunget psykisk helsevern

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du liker å jobbe tverrfagleg internt på egen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt  miljø
  • Personleg egnaheit vektleggast

Vi tilbyr

  • Ein spennande stilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Muligheten til å forme stillingen og arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Benedicte Skagen Tiset, Seksjonsleiar, 56326669

Arbeidsstad

Blombakkane 75
5354 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5195915929
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026

Kontaktpersoner
Benedicte Skagen Tiset
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter