Vikariat for psykolog

Stilling
Psykolog
Lokasjon
Nesttun
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. okt.
Få påminnelse
22 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har  ledig 100% vikariat for psykolog som vi oppmodar deg til å søke på. Det er moglegheit for forlenging av vikariatet.

BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Poliklinikken har ca. 26 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret. 

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)
  • Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, barnehagar og 1.linjetenesta
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta, barneverntenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Det blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering og at dei deltar i poliklinikken sitt inntaksteam

Kvalifikasjonar

  • Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg
  • Erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiing
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS)
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Personlege eigenskapar

  • Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
  • Høg fagleg og fagetisk medvit
  • Løysingsorientert
  • Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
  • Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
  • Støtte til spesialistutdanning eller vedlikehaldskurs


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Flygel, Seksjonsleiar, 55978000, linda.flygel@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Østre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5188308048
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 04.07.2027
Søknadsfrist: 22.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter