Overlege ved seksjon for infeksjon, lunge, allergi og akuttmedisin
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker 1 overlege i 100 % fast stilling, og 1 overlege i ei 12 mnd midlertidig prosjektstilling ved seksjon for infeksjon, lunge, allergi og akuttmedisin. Prosjektstillingen varer i 12 månader som del av prosjektet "Fremskutt kompetanse i mottak".
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har 67 senger, ca. 4400
medisinske innleggingar og 30000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken
er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling,
opplæring, utdanning og forsking er prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne-
og ungdomsklinikken har også ansvar for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen
og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss sjukehus.
BUK sin aktivitet er samla i dei nye Glasblokkene, der også Fødeavdelinga og Klinikk Psykisk Helsevern for barn og unge er lokalisert. I Glasblokkene er det eit eige Mottak for Barn og Unge og ei pediatrisk røntgenavdeling. I Barne- og ungdomsklinikken blir det også løyst oppgåver
innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.
Seksjonen for generell pediatri ivaretar akuttpediatri, infeksjonar, lungesjukdommar og allergi og har ansvar for Barne- og ungdomsmottak og Barneovervakning. Seksjonen har også stor poliklinisk aktivitet. Seksjonen har høg pasientflyt, særleg i vintersesongen. Opplæring av LIS legar er også viktig i seksjonen. For tida har vi 7 overlegar på seksjonen. Arbeidsmiljøet er energisk og sosialt.
Vi ønsker barnelegar med kompetanse innan akuttmedisin, infeksjon, lungemedisin og/eller allergi. Det er ein fordel med breidde i arbeidserfaringa, og ein må rekne med å dekke fleire en eitt felt i sitt arbeid. Vi ser spesifikt etter søkarar som ønsker å fordype seg i allergologi, lungemedisin og/eller akuttmedisin.
Eigenskapar vi ser spesielt etter er høg arbeidskapasitet, hjelpsomhet, fleksibilitet og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert. Seksjonen har eit eige ansvar for opplæring av nye legar, og pedagogiske evner vil bli vektlagt. Det er forventa deltaking i ei av vaktordningane ved Barne- og ungdomsklinikken etter kompetanse og klinikkens behov.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i poliklinikk, mottak, sengepost
- Det forutset deltaking i vakt i henhald til kompetanse og klinikkens behov
- Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping er ønskeleg.
- Det blir lagt vekt på klinisk erfaring og fungering
- Søkarar med bakgrunn innan forsking vil bli vektlagt
- Gode samarbeidferdigheiter og ønske om å vere del av eit tverrfagleg team
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg eller eit anna skandinavisk språk
- God evne til skriftleg dokumentasjon
- Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig
- Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
- Du har eit godt lag med folk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ninnie Helen Bakken Oehme, Seksjonsleiar, +4741701589Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5177968885
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 17.11.2026