Overlege i hud- og veneriske sjukdommar
Haukeland universitetssjukehus har ledig stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar. Tenestestad er både Hudavdelinga på Haukelandsområdet og poliklinikken ved Helsehuset på Knarvik ut frå avdelinga sine behov.
Hudavdelinga driv dagpost og poliklinikk, inkludert poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar, og ein satelittpoliklinikk i Knarvik (Nordhordland). Sengeposten har 15 plassar delt med Revmatologisk avdeling. Avdelinga er regionavdeling for hudsjukdommar og universitetsklinikk i Helse Vest, og den einaste med døgnsenger. Avdelinga dekker heile spekteret av akutt og kronisk hud- og venerisk sjukdom, og er leiande innan fagområde når det gjeld pasientbehandling, grunn- og spesialistutdanning, samt forsking. Hudkreft og inflammatorisk hudsjukdom, særleg psoriasis, er hovudtema i forskinga. Vi arbeider aktivt med forbetring av pasientforløp og har brukarmedverknad som særleg fokus.
Avdelinga har eit breitt klinisk tilbod innan dermatologi og venerologi, mellom anna med høg aktivitet innan diagnostikk og behandling av hudkreft, inkludert oppfølging av pasientar i risikogrupper. Vi har eit aktivt tverrfagleg samarbeid og arbeider kontinuerleg med å utvikle pasientforløp, forsking og undervisning.
Vi ønsker å rekruttere ein kollega som vil vere med på å styrke og vidareutvikle feltet i åra som kjem.
Arbeidsoppgåver
- Ut frå avdelinga sine behov må du rekne med å arbeide ved alle einingane til avdelinga (poliklinikkane ved HUS og Knarvik, SOI, dagposten, visittgang på vakt og som postoverlege)
- I stillinga inngår vaktteneste p.t. 8-delt bakvaktsordning med heimevakt
- Du vil vere delaktig i undervisning, supervisjon, etterutdanning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper
- Du tar aktiv del i forbetring og utvikling av faget og avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon og vere godkjend spesialist i hud- og veneriske sjukdommar
Vi ønsker oss:
- Lege med brei medisinsk basiskunnskap
- Lege med erfaring frå hudonkologi med deltaking i tverrfaglege behandlingsforløp og multidisiplinært samarbeid
- Forskingskompetanse og interesse for vidare deltaking i forsking og undervising vil bli vektlagd
- Lege med særskild vilje og lyst til arbeid med kronisk sjukdom, men òg akutte hudsjukdommar
- God kommunikasjon skriftleg og munnleg på norsk
Personlege eigenskapar
- Du tar initiativ, med evne til strukturert og systematisk arbeid
- Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av kompetansen din
- Du har evne til tverrfagleg lagspel og inkluderande engasjement
- Du er pådrivar i fagutvikling og engasjert i forsking
- Du er lojal
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
- Evne til å trivast i eit aktivt og endringsorientert miljø
- Du har gode kommunikative evner
- Du har gode IKT-kunnskapar
Vi tilbyr
- Eit stimulerande og aktivt tverrfagleg fagmiljø
- Triveleg arbeidsmiljø
- Moglegheit for deltaking i diverse prosjekt (forsking og kvalitetsforbetring)
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Bachmann, Avdelingsoverlege, ingeborg.bachmann@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5212869339
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2026